Årsmøte
Årsmøtet ble holdt på Hjorten Batnfjord den 4. Desember 2014.
Lastes ned her --> |
|
Innkalling til årsmøte 2013
Lastes ned her --> |
|
Hausttakkefest i Øre Kyrkje
Søndag 29.september hadde lokallaget ansvaret for pynting av kirka under hausttakkefesten. Av årets fireåringer ble det båret fram avling både fra egne hager, naturen og ferskvaredisken, og noe av det ble skjært opp og servert til kirkekaffen.
Kurs i beskjæring av frukttrær og bærbusker
I april arrangere vi eit dagskurs i beskjæring av tre og bærbusker.
Vi var så heldige å få ein fagmann frå Bioforsk på Tingvoll til å halde kurset. Han er upprinneleg frå Nederland og heiter Theo Ruissen. Etter litt teori innendørs tok vi turen til hagen hos Tove Halset, for å prøve det ut i praksis (selv om vinteren ikke ville slippe helt taket). |
Årsmøte i Gjemnes Bonde- og Småbrukarlag
ble holdt på Hjorten Batnfjord 17.januar.
Nytt for året var at Tingvoll Bonde- og Småbrukarlag ble invitert, da det kan bli aktuelt å slå sammen disse to lokallagene. Årsmøtet åpnet for sammenslåing i 2013, og en plass i styret ble reservert en person fra Tingvoll BS (velges av deres årsmøte).
Av aktiviteter i 2013 skal det satses litt ekstra på Dyregoddagane, da NBS fyller 100 år i år! I tillegg skal vi gjennomføre kurs i kompostering og beskjæring av frukttrær, samt et temamøte.
Informasjon om det nyvalgte styret finner du under fanen "Om laget".
Deler av styret for 2013 i bakgrunnen og representanter fra Tingvoll BS i forgrunnen.
Her kan du laste ned årsmøtereferat:
Her kan du laste ned årsmøtereferat:
|
Til seters med Per Olaf Lundteigen
I tilknytning til Per Olaf Lundteigen sitt besøk på Dyregod-dagane i fjor, hadde Bondelaget og Bonde og Småbrukarlaget i Gjemnes eit ønske om å vise Lundteigen noko av det «landskapet» som omkranser Dyregod-messa.
Turguidere var Arnar Lyche frå Møre og Romsdal Bondelag og representanter frå faglaga i Gjemnes. Nils Tore Leivdal, som mellom anna har skreve Gards- og ættesoge for Gjemnes, bidrog med kulturhistorisk innslag. Foruten Per Olaf Lundteigen deltok Øystein Ormbostad, leiar i Møre og Romsdal Bonde og Småbrukarlag.
Turen gjekk til Silset og vidare opp på Silsetfjellet til Indergardssetra.
Første stopp var ved samdriftsfjøset på Silset. John Eikenæs orienterte om oppbygging av samdrifta som fann stad i åra 2000-2003. Vi fekk og høyre om korleis kvardagen hans som bonde ter seg idag etter at dei to andre deltakarane i samdrifta for omlag fire år sidan gav seg som aktive brukarar. Per Olaf Lundteigen var ein engasjert tilhøyrar til det John hadde å fortelje. John fekk velberettiga godord frå Lundteigen om si ærlege og «usminka» framstilling av gardsdrifta. Det heile utvikla seg til ei interessant høgtenking om situasjonen i landbruket.
Vel framkomne på Indergardssetra fortalde Nils Tore Leivdal om tidlegare tiders aktivitet på Silsetfjellet. Vi fekk høyre om setring, fjellslått og om «Silsetrenna» og miljøet omkring Skihytta. Spesielt var det interessant å høyre om korleis den rike fjellslåtten skapte velstand på gardane nede i bygda.Nils Tore er ein god forteljar som evner å levandegjere farne tider for dei som høyrer på. Han har og interessante refleksjonar over den tida vi er inne i no. Vi set stor pris på at du vart med oss på turen, Nils Tore.
Kvigene frå Silsetgardane ringla med bjøllene, det blenkte i fjellvatn og vi såg utover skog og fjell. Eit ideelt bakteppe for å tenkje høgt om norsk landbruk på lokale ressurser!
Siste post på programmet var bacalao medbrakt frå Dyregod. Praten gjekk livleg omkring bordet i hytta til Anlaug Rekaa og Olav Bjørn Nilssen.
Lokale bondevenner fekk eit minnerikt møte med mannen som for tida er bondens modigaste, ærlegaste og mest engasjerte talsmann på Stortinget.
Takk til Anlaug Rekaa som stod bak kaffekoking, kake og husrom, og til alle dokk andre som var med på turen!
Og vi vil og takke deg, Per Olaf, spesielt, for at du takka ja til å delta på Dyregod-dagane, og at du tok deg tid til å bli med oss til fjells og dele dine erfaringar og kunnskap med oss!